
Overnatting
Det er populært å reise til Skjolden, spesielt på våren og sommaren. Vi anbefalar difor å undersøke overnattingsmoglegheitene tidleg. Under finn de lenke til ulike overnattingsstadar i Skjolden.
-
Skjolden hotel
For de som ønsker kort veg til senga så ligg Skjolden hotel vegg i vegg med festlokalet. Hotellet har begrensa med plass og det er derfor lurt å booke tidleg om ein ønsker å bu her.
-
Skjolden Resort / Skjolden Brygge
Skjolden Resort tilbyr leiligheter av ulike størrelsar, kun 500 meter frå festlokalet. Her kan ein slå seg saman med andre og booke ein koseleg leilighet/hytte ved fjorden.
-
Nymoen leirplass
Ønskjer du/de moglegheit til å nytte telt eller campingvogn som overnatting kan de booke plass på Nymoen leirplass som ligger ca. 400 meter frå festlokalet.
-
Eide Gard
Eide Gard ligg i eit historisk bygg frå 1894, opprinneleg oppført som hotell for fjellklatrarar. Bygget blei renovert i 2016 og har 4 soverom med 2 felles bad. Ca. 850 meter frå festlokalet.
-
Vassbakken Camping
Vassbakken Kro og Camping har 13 hytter av ulik standard og storleik, i tillegg til eit anneks med 22 rom med eige bad/wc. Ca. 3 km frå festlokalet og ved starten av stien til filosofen Wittgenstein si hytte.