Turtips

Fuglesteg - Fin fjellgard, 6,4km t/r, 500 m stigning

Børestein- Flott fjordutsikt (sjå bilde) 8,4km t/r, 1000m stigning

Mørkrisdalen - Fottur til Bølifossen 6km t/r, 300m stigning.

Molden - Fjell med fjordutsikt i bakgrunnen til høgre på bildet. 8km t/r, 600m stigning

Skitur på Sognefjellet - Langrenn eller topptur, her er det truleg sesong for dei som vil!

Guida tur?

Det er fleire fjellførarar invitert i bryllaupet. Dei kan til dømes ta dykk med på Austanbotntind, Nigardsbreen, eller det du måtte ønskje. Ta kontakt med Asbjørn om du ynskjer å booke ein guide!

Aktivitetar eller severdigheter

Lustrabadet - Badeland i Gaupne med badesklie, stupetårn, badstu ++

Wittgenstein-hytta - Filosofen Wittgenstein budde ein periode åleine i ei hytte ved Skjolden. Kort fottur.

Urnes stavkyrkje - Heile 100 år eldre enn kyrkja vi giftar oss i. Ligg vakkert til.

Feigumfossen - Flott foss langs vegen til Urnes Stavkyrkje.

Tindevegen/Sognefjellsvegen - Spektakulære fjellvegar som går til Skjolden frå Årdal og Lom. Verdt ein omveg!